" å jeg vet en seter"...

Foto: Jan Askildsen

Stølsferie

Opplev stølslivet over fleire dagar!

Overnatt i ei stølsbu eller ei løe på ein av stølane våre. Frokost høyrer med til oppreidd seng eller overnatting i høyet!

Alle måltid kan bestillast. Vi tilbyr dugurd, middag og kveldsmat i tillegg til den inkluderte frokosten.

Aktivitetar og opplevingar varierer. Velg mellom fjøsstell, ysting, naturstig, hopping i høyet, fisking, bading, kos og stell med dyra, leik og moro!

Det er fint å gå eller sykle stølimellom.
Legg opp ferien som du ynskjer!
Kanskje vil du nyte ro og fjellstille på ein og same plass, eller ha ein aktiv ferie med mange opplevingar.
På stølane våre finn du det du ynskjer!

Under kvar støl finn du beskriving av overnattingsplassane og aktivitetane til den enkelte støl.
Plukk og miks din eigen ferie!




Stølsferie - ta fleire dagar på fjellet!

  Nytt i år! SOV I HØYET!

Kva med å sova bort sumarnatta i angande fjellhøy?
Skulle du ikkje få sove, kan du titte ut etter huldra eller andre nattevandrarar. Ofte står elgen uti vatnet ein stille morgontime, og fuglelivet er i gang før sola renn.
Picture

Her er stølsvidda.